Natura er ein friluftslivsorganisasjon som ønskjer å tilby både studentar og ikkje-studentar turar og aktivitetar i den vakre naturen på Sunnmøre. Vårt mål er å nå fram til alle som er interessert i friluftsliv, uavhengig om ein er ein driven fjellgeit, eller ikkje har noko erfaring i det heile teke. Programmet vårt inneheld difor alt frå luftige toppturar, surfing, skiturar og bratt klatring til klyving, koseturar med bål og stormfulle netter ved kysten.

Vi arrangerer også ein rekke sosiale aktivitetar. Dei tradisjonsrike juleborda og 17. mai-feiringane på Standalhytta er sjølvsagt opne for alle medlemmer!

Har du spørsmål, eller ønsjker å gi ei tilbakemelding?

Send oss ein epost på:     naturavolda@gmail.com

Eller ta kontakt på tlf.:   99596928 (leiar Ingrid Rui)

Håper å sjå deg på tur med oss!